HURRA!

Eg har fått meg nettside.
Dette er så kjekt og eg gler meg til å kunne presentere meg og produkta mine her.

Desember har verkeleg vært ein travel månad. Rørsle har starta samarbeid med engasjerte og flotte personar i Seniornett og Pensjonistforbundet. «Digital rørsle for eldre» fekk støtte av Dam Stiftelsen. Oppstart av dette unike prosjektet har gått unna. Kjetil Fyllingen i Lekendelett har tatt bilder og laga film til marknadsføring av prosjektet. Lokalavisa Vestavind har laga fin reportasje (deler link når det er klart). Nettsida er etablert og det jobbes med å få påmeldingsportalen opp å gå.

Ja, så må eg ikkje gløyme at Rørsle har blitt sponsa av Sport1 Etne med treningsklede. Knall fine klede som Kai Hansen Trykkeri i ein fei fekk flotte logo`ar trykka på.

Dette året har vært eit spesielt år som me alle vil hugse. Å drive eiga bedrift har vært utfordrande, men som eg seier «La ikkje ei krise gå til spille». No gler eg meg til 2021, med kjekke samarbeid og støtte.