Digital Rørsle for eldre

Trening digitalt der ein kan sjå kvarande og pratar saman, ein sosiale møteplass for dei eldre. Deltaking i ei gruppe på fem personar der kvar enkelt blir sett og høyrd. Ein møter ei fast gruppe jamleg der ein forpliktar seg til å bidra til eit godt miljø.

Styrke- og balansetrening som er tilrettelagt for å sikre tryggheit og mestring for kvar enkelt.

Prosjektet er støtta av Dam stiftelsen, og samarbeidspartnerar er Seniornett og Pensjonistforbundet.

Rørsle trenar heime hos eldre

Dette prosjektet var støtta med etaberarfond av Samarbeidsrådet Sunnhordaland.

Eg køyrde heim til eldre to ganger i veka i elleve veker. ME trente tilrettelagd trening heime i stova til deltakerane. Dei var alle nøgde med å trene heime og at programmet var tilpassa kvar enkelt. Erfaringar og evaluering frå prosjektet er tatt med i det nye prosjektet mitt «Digital trening for eldre».

Ynskjer du å vite meir om prosjektet mitt kan du gå inn på lenkje under å sjå TV Haugaland og NRK nettavis sine reportasjar.

 

Norway Ruck

Var med å starta Noreg sin første Rucking klubb, januar 2020

Rucking, ryggsekktrening, er ein aktivitet der ein går på tur med seg saman i gruppe. Ein stoppar undervegs og gjer styrkeøvelsar der ein brukar ryggsekk som vekt. Det er vekta du putter i sekken som er utslagsgivande, og gjer at alle kan trene saman på sitt nivå. Rucking er god trening, sosialt og gratis.